UTSPARK#9

Det intravenøse kulturlivet


Kor skal grensene for kommunens kulturengasjement gå? Er det ei kommunal oppgåve å halda liv i alt frå wannabe-kunstnarar til eit uinteressert publikum?

Lørdag kveld. På Scene 2 på Tou Scene står bandet Landscape. Dei har eit publikum på rundt sju sjeler.

I naborommet, i kafeen, minglar over 100 kulturbyråkratar, kulturarbeidarar og andre kulturinteresserte. Dei må heva stemma for å nå gjennom lyden av liverock frå naborommet, slik at dei kan diskutera vidare korleis Stavanger skal bli ein kulturhovudstad også etter 2008.

Ittepå
31. januar blei Ittepåland offisielt opna. Ka då ittepå-sjef Trond Hugo Haugen inviterte, og over 300 menneske kom for å delta i debatten om etterbruken av Stavanger 2008, eta sjokoladekake - og altså ikkje nødvendigvis høyra så mykje på praktisk utøving av kultur.

Eg har kome ut av teljinga på kor mange seminar eg har vore på om kulturbyen Stavanger. Det er alltid dei same som møter opp, og dei som snakkar seier stort sett det same kvar gong. Grovt sagt vil kvar enkelt gruppe kunstnarar ha betre vilkår til seg sjølv: Dansarane vil ha eit Dansens Hus, biletkunstnarane vil ha eit eige atelierhus - og så må ingen gløyma hiphoparane.

- Bygg hus og scener, invester i produksjonsmiljøa, er meldinga.

Kven som skal betala? Det hyppigaste svaret i Stavanger er «kommunen». Eventuelt nokre private sponsorar - som på magisk vis bør kjenna si besøkstid og bla opp.

Veit best
Kulturfolket vil til gjengjeld ha full råderett over pengane. Både politikarar og andre eventuelle donatorar har å halda seg langt unna korleis pengane deira skal brukast, for det veit kunstnarane best sjølv.

Denne bodskapen blir gjerne framført med ein undertekst av indignasjon, der ein kan få inntrykk av at alt frå kommunepolitikarar til pengesterke næringslivsfolk som tener pengane sine sjølv er litt undermåls som ikkje skjønnar at kunst og kultur er det viktigaste ein kan investera i.

Til tider kan det bli freistande å minna om at me bur i den rikaste byen i det rikaste landet på jord, ein by som bruker suverent mest pengar på kultur per capita av alle landets storbyar. Og at Norge har nokon av dei romslegaste offentlege støtteordningane til kultur på heile planeten.

Prioritering
Eit viktig moment i hovuddebatten laurdag, var då Great Moments-president Stein Bjelland sa at ittepåpengane bør prioriterast til dei beste; til profesjonelle, dyktige folk som Stavanger har noko igjen for å betala.

- Nokon må ha guts til å seia til folk at dei ikkje er gode nok, at det dei driv på med er ein hobby, at dei heller bør bli lege, sa Bjelland - og hausta mykje nikking i salen. Alle som nikka såg nok på seg sjølv som både profesjonelle og dyktige - og dermed støtteberettiga. Er dei det?

Bjellands poeng er at kultur er næring, at det er ein fulltidsjobb å spela rockegitar, og at å gjera det bra nok vil generera pengar. Så er då også forretningsideen i musikkselskapet Great Moments å investera i pop- og rockemusikarar - og i løpet av få år få to internasjonale suksessar frå Stavanger, samt å gå i pluss økonomisk. Gløym sosialdemokratisk kos. Her er det harde krav og hard valuta som gjeld.

Profesjon?
Men kva vil det eigentleg seia å vera ein profesjonell yrkesutøvar som driv næringsverksemd, slik fleire på Tou framstilte seg laurdag? La oss seia at du er bilmekanikar. Forventar du då at kommunen skal kjøpa lokale, setja dei i stand til verkstadhall - og i tillegg gi deg økonomisk tilskot til husleige, lønn og verktøy? Er du ikkje då i praksis offentleg tilsett? Eller på tiltak?

La oss seia at det er forskjell på skulptørar og bilmekanikarar, og at det offentlege må ta eit ekstra ansvar for skulptur: Kor mange offentleg finansierte skulptørar skal me då ha i Stavanger? Kva skal vera kriteria for å få offentlege pengar? Utdanning? Praksis? Innkjøp? Vilje? Skal ein på noko tidspunkt krevja av kunstnarar at dei tener eigne pengar - slik alle andre profesjonelle yrkesutøvarar må?

På laurdag blei ordet «publikum» symptomatisk nok ikkje nemnt før kommunens ittepåsjef Rolf Norås i sitt avslutningsinnlegg minna om at det altså finst. Kva skal ein vel med publikum når ein har ein rik kommune?

Star
Om kunst er ein profesjon og rockegitar ein jobb: korleis kan ein foreslå at rockekonsertar med lokale band skal kosta ti kroner, slik Børre Jacobsen, leiar i Stavangerrock - STAR - gjorde laurdag? Denne offentleg finansierte interesseorganisasjonen, med gratis medlemskap for aktørar i musikkbransjen, har ikkje sjølv pengar til å subsidiera konsertbillettane til medlemmene sine. Så STAR håper på eit par hundre tusen kroner i offentlege pengar og sponsormidlar.

Men om Stavangers rockemusikarar ikkje er interesserte nok i rock til å møta opp på konsert, er det då ei kommunal oppgåve å dra dei dit? I så fall burde ein kanskje begynt å betala folk ti kroner per konsert i staden for å krevja ein heil tiar av dei?

Gratis
Mens eg er i gang: er det ei oppgåve for offentleg finansierte STAR å læra opp unge menneske i at musikk ikkje er noko ein betaler for, det er noko ein får gratis, som på Pirate Bay, noko som blir betalt av kommunen eller ein sponsor? Kva verdi, seriøsitet og tyngd får ei kunstform til ti kroner? Korleis skal seriøse musikarar som ikkje baserer seg på offentleg støtte overleva i ein marknad med så subsidierte arrangement? Når STARS medlemmer er så lite interesserte i rock, er det ikkje ein minst like god idé å leggja ned heile STAR?

Eg har til tider inntrykk av det blir arrangert litt for mange seminar, litt for mange idémyldringar som fører til litt for mange «gode» idear om korleis ein kan utvida og utryggja kulturlivet. Ein like viktig diskusjon i Ittepåland burde handla om prioriteringar, avgrensingar og innsnevringar, om alt det Leif Johan Sevland ikkje kan ta ansvar for.

Jan Zahl


Denne kommentaren stod først på trykk i Stavanger Aftenblad 5. februar 2009 her.